Kaninbyen er skrive av Arild Rein, som er født i Stavanger i året 1960. Han har tidlegare skrive to andre bøker som heiter “Hundedagane” og “Grisekoret”. Alle desse tre bøkene tilhøyrar ein trilogi som heiter Stavangertrilogien. Denne trilogien skildrar Stavangers underverd, og korleis han har vorte endra etter at Stavanger vart ei oljeby. Stavangers underverd som blir skildra i bøkene, er noko som ikkje altfor ofte blir sett av dei vanlege Stavanger innbyggjarane. Ting som blir nemnt i bøkene, er t.d. hallik-verksemder på kaia nede i Stavanger sentrum. Arild Rein vart kåra til den Europeiske Kulturbys forfattar i 2008 av folkesetnaden i Stavanger med boka “Kaninbyen”.
I “Kaninbyen” møter vi Jonny Roxmann, som er ein tidlegare politimann. Ein dag blir han dømt for hallik-verksemd, konsekvensen av dette vart at han fekk sparken som politimann. Etter dette gjekk det berre nedover for Jonny. Til slutt endar han opp i kolonihagen som han har arva av faren sin. For å tene litt pengar har han planar om å opne ei bakt-potet bu under Gladmatfestivalen. Men han greier jo sjølvsagt ikkje å skaffe seg utstyret på lovleg vis. Vogna til å ha potetene i, skaffa han seg ved å underbetale ein indar for så å slå han i magen. Baconet, som han skal servere saman med potetene, har han stelt frå butikkar og, for å få råd til rømme og mais, stal han pengar frå kjærasten sin og frå lommebøker på Sports club.
Ein kveld ein kveld bestemmer Jonny seg for å dra til nattklubben “Cobra nightclub”. Der møter han Kim. Ho er nok det einaste positive som hender Jonny i denne boka. Dei to blir kjærastar. Men sjølvsagt viser det seg at ho driv med menneskesmugling.
Ein kveld ein kveld bestemmer Jonny seg for å dra til nattklubben “Cobra nightclub”. Der møter han Kim. Ho er nok det einaste positive som hender Jonny i denne boka. Dei to blir kjærastar. Men sjølvsagt viser det seg at ho driv med menneskesmugling.
Eg synest boka var grei, men ho kunne ha vore mykje betre enn det ho var. Ein av tinga som irriterte meg var at han gjentok ting som “Eg la ein pris snus under overleppa” utalde gonger. Han brukte òg orda faen i annankvar setning for å vere sikker på at lesarane har fått med seg at det var ein mann frå underverda han skildra, og ikkje rikfolk frå Egenes. Eit siste verkemiddel Jonny brukte var at etter kvar setning når han hadde fått fram eit poeng som eit spørsmål, kom oppfølgelsessetning “HÆ?”. Som t.d. når han snakkar om at det ikkje er lov å overnatte i kolonihagane mellom november til mars seier han “Men kva om ein hadde nattarbeid og sov i hytta om dagen? Eller berre sat oppe heile natta og aldri gjekk og la seg? HÆ?”
Eg skjønner at han prøver å skildre Stavangers underverd, og at han difor nytter røffe ord. Men det må vere mogleg å gjere det utan å bruke banneord annankvar setning, og utan å gjenta at han legg ein pris snus under overleppa fem gonger kvart kapittel.
Eg skjønner at han prøver å skildre Stavangers underverd, og at han difor nytter røffe ord. Men det må vere mogleg å gjere det utan å bruke banneord annankvar setning, og utan å gjenta at han legg ein pris snus under overleppa fem gonger kvart kapittel.
Det positive med boka er jo nettopp det at han skildrar underverda i Stavanger, og dermed gjev han mange høvet til å bli litt betre kjent med ei ukjend verd.
Eg synest som sagt at boka var heilt grei, men eg ville ikkje tilrådd den, fordi den til slutt vil gå deg på nervane.
Kjelder:
Litteratur:
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Stavanger
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Stavanger
Nettsider:
Wikipedia. 2010. Arild Rein. Lokalisert: 14.04.11. kl. 20.20. URL: http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar